Sider

Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barn. Vis alle innlegg

lørdag 18. mai 2013

Hipp, hipp, hurra

Mor mi strikka denne nydelege trønderbunaden for tre år sidan. Det viste seg at vesten var meir enn brukande nok for mange år, men stakken og forkleet var litt kort etter kvart. Så no har moderen strikka eit lengre skjørt. Eg fekk alt tilsendt nesten ferdigstrikka. Måtte berre strikka ferdig kant, 10 cm på forkleet og så montera alt. Strålande vakkert resultat. Denne bunaden er rett og slett eit funn og vi har fått mange beundrande kommentarar i dag. Det er jo litt gøy å vera to i same bunad.


Takk for ein strålande flott 17. mai i år også.


fredag 21. september 2012

Prospektkort


Det var denne dagen i august. Ja, det er altså ei stund sidan. Eg veit, men livet går veldig fort for tida. Strikkelysta er på eit minimum så det einaste eg produserer er kjøkenklutar. I sommar har eg for så vidt produsert eit sjal og noko anna langt eg har strikka som eg ikkje aner kva eg skal bruka til. Stikkegarn som er utruleg vakkert å sjå på, men som altså klør noko infernalsk sjølv for meg. Det var tidtrøytestrikk på bilturen der mor mi tok seg av all køyring. Luksus!

Men altså på dette biletet er vi i Vikøy, Hardanger, rett ved Norheimsund. Vi har satt ungar og spanjolar i gang med krabbefiske. Trur spanjolen tykte det var like gøy som ungane.

Som Litjpia sa på vegen heim: "dette var ein fin dag mamma".

torsdag 27. oktober 2011

Kva snakker ein med jenter om?

BIFF er over og ut for denne gong, og trass i nydeleg vær i Bergen så fekk eg heldigvis med meg nokre filmar. Den siste eg såg var Miss Representation. Filmen ser på den utrulege makta som ligg i media og korleis media portretterer kvinner og på den måten oppdrar våre barn til å sjå på kjønn.

Kvinner vert stadig meir objektifisert og fokuset på kropp og utsjånad har på ingen måte vorte redusert. Vi har mote og sminke for førskulebarn.

Men det er jo diverre ikkje berre media. For kva seier vi til jenter? Via Ylvalias univers fann eg denne bloggposten og linken til Lisa Bloom How to talk to little girls. Må diverre innrømma at jenter oftare enn gutar får kommentarar på kleda sine eller hårfrisyren sjølv om det og skal seiast at det å kommentera ei leike eller figuren på genseren til gutar også er ice-breakers. Men eg er heilt for å generelt ta fokus vekk frå klede og utsjånad og heller over på bøker.

søndag 23. oktober 2011

Gamalt plagg - ny eigar

 
Har rett som det er vore inspirert av Kaffe Fasset også då eg strikka denne dressen i 2007. No har den kome i retur og har vorte nett passe stor til Litjpia. 

Ho kledde han utruleg godt og har på dette biletet vore grei med mor si for eigentleg tykkjer ho dressen er for babyar. Etter å ha fått mykje skryt for han i løpet av dagen frå fleire så er det lov å håpa at han kan verta brukt i barnehagen i vinter.

Eg nyt kvart eit minutt ho går med han og heldigvis har vi arvtakarar slik at strikkeplagga vert brukt av meir enn eitt barn. Nett dette plagget lurer eg også på om ikkje skal få lova til å koma i nostalgibunken slik at det kan dukka opp i seinare generasjonar også.

lørdag 15. oktober 2011

Småstrikk

Veka gjekk frå pest til fest.


Influensasjuk og sjølvmedlidande start på veka. Stakkars Litjpia som hadde ei så slapp mor. Då eg korkje hadde matlyst eller orka å strikka skjøna eg at det sto skralt til. Så produksjonen var nær null, men heldigvis sveiv feberen langsamt ut innan onsdag. Litjpia gjekk på legd til ymse av sine vener mine vener var stort sett på haustferie.
Onsdagen derimot fekk vi storinnrykk av ei veninne av meg med tre ungar. Sola skein og det vart ein super haustferie på Fløyen, kanopadling på Skomakerdiket, masse leik med store jenter (5,5 år) og ein storebror (8 år). O lukke! Det er desse tvillingjentene som forer oss med stort sett alt som finst av klede og sko. Så då er det jo på sin plass å gje ei lita strikkegåve tilbake. Eg er litt monoman når eg fyrst har funne ei oppskrift som fungerer så då vart det den same halsen på nytt.

Elles prøver eg å strikka opp restebomullsgarnet. Dette garnet er noko greier frå 80-talet. Mjukt og godt, men øh, ganske mykje overskotsfarge.....

Ha ein god laurdagskveld!

søndag 30. januar 2011

Rillestrikka kåpe

Det har vore dårleg med blogginga i januar. Influensaen tok fyrst litjpia og så heiv den seg over på meg. Då var eg litt desperat for vi skulle reisa til Gran Canaria tre dagar seinare. It called for desperate measures så eg luska meg til næraste apotek og kjøpte Tamiflu. For å vera heilt ærleg så har eg ikkje hatt noko særleg tru på Tamiflu, men det hadde faktisk ein bra effekt. Eg var eigentleg berre sjuk i 3 dagar. Rett nok var eg litt halvvegs dei fyrste to dagane i syden, men kven bryr seg om det når ein ligg ved eit basseng og velter seg i sola.

Vel, vel, nok sjukdomsprat.



Her er ein av mine favorittar. Diverre såg eg fyrst etter at eg hadde strikka alt bortsett frå ermene at eg hadde strikka dei på litt vel store pinnar så den vart litt vid. Heldigvis er ho som har fått den litt meir breidskuldra enn litjpia som står modell her.

Garnet eg har nytta er Cortina frå Sparkjøp. Det har forbausande fine fargar til Sparkjøp-garn å vera og kostar berre 12,50 per nøste. 

mandag 27. desember 2010

Kåpe i haustfargar


Litjpia har besteveninna si i naboleiligheita. Det er sjølvsagt eit lukkehell for alle partar. Ho har fantastiske, fine fargar så då eg skulle strikka kåpa til Sandnesgarn så valde eg å bruka haustfargar. Eg fann det rustfarga garnet i billigkorga på fabrikkutsalet til Dalegarn. Det viste seg å ikkje vera nok så då kom eg på ideen om å ha brunt i overkroppen. Knappene var også eit lukkefunn. Dei passa perfekt. 

Med ein slik strålande modell så har kåpa fått sin rette eigar.

Kåpa går veldig raskt å strikka, og mor mi har seinare brukt legget bak i andre på ei dokkekåpe også.


Håper alle har ei strålande jul. Det har vore lite blogging på meg i det siste. Stort sett har eg strikka julegåver og dei er det litt vanskeleg å blogga om. Til slutte gløymde eg å ta bilde av ca halvparten også.

tirsdag 26. oktober 2010

Vintage strikk


Vi gjekk igjennom kottet etter besteforeldra mine i vår. Der fann vi mellom ein mengde skrot - bestemora mi kasta aldri noko, gamle barneklede etter mor mi og syskena hennar. Ein riktig så liten skatt vil eg seia. No har eg endeleg tenkt eg skal vaska dei og setja dei i stand så får vi sjå om det er noko som kan brukast av dei 6 oldebarna ho har etterlatt seg. I alla fall kan det jo henda det er nokon som vil ha det på utstilling.

Denne buksa var nok brukt av onkelen min. Eg meiner å ha sett den på eit gamalt bilete. Buksa er grundig brukt og vaska for den er nesten som tova å rekna. Dei er frå den tida då bestefar min arbeidde på gard, og dei budde på eitt lite rom. Det var neppe flusst med pengar, men ho var flink med pengar og klede bestemor. Det var ikkje mykje som gjekk til spille. Må seie ho hadde god smak når det gjeld fargeval. Det er riktig så fint med det sennepsgule og brune.

Som dotter av ein skreddar visste ho å finna glede i fine klede. Viss ho hadde misstanke om at vi var lei oss så stakk ho gjerne i oss litt pengar og sa "her skal du få litt så kan du kjøp dæ nå nytj". Eit universelt botemiddel mot tunge tankar.

Going through my grandparents old stuff we found some treasures among a lot of junk. My grandmother never threw things away. So now I have some old clothes that my mother and her siblings used to wear. This knitted boys pants for instance that my uncle must have worn. I think I have seen them in an old photo so they must have been his good ones. They have been worn and washed a lot from the looks of it. My grandmother was the daughter of a tailor and enjoyed having nice clothes. When my uncle was little they had very little money so I can just imagine the effort behind these pants. Have to say she had good taste in colours.

mandag 25. oktober 2010

Ribbebukser igjen



Då har eg endeleg gjort ferdig den siste buksa også. Vel, den har vore ferdig ei lita tid, men eg har nett vore på konferanse i Sevilla heilt utan strikketøy. Kanskje like greit då det var tropisk varmt og nesten tomt for oksygen i konferansesalen delar av tida. Anten så har dei på air con alt for høgt eller så ikkje i det heile. I staden for strikketøy kjøpte eg boka "El club de los viernes se reúne de nuevo" som på engelsk heiter "knit two" om ein strikkeklubb som treffast kvar fredag. Boka handlar sjølvsagt meir om kvinnene i klubben og deira venskap enn om strikking. Den fyrste boka var ein bestseljar. Rett nok har eg ikkje lese den, men det er i alle fall lett og hyggeleg lesnad. Det er betydeleg enklare å lesa bøker omsett til spansk enn å lesa bøker som orginalt sett er skrive på spansk. Oversettarar er aldri like blømande språkleg. Dessutan må dei halda tempoet oppe for å oppnå ei løn ein kanskje kan leva av så då er ikkje kreativitet like mykje i høgsetet.




No er alle buksene sendt avgarde dit dei skal høyra heime på Tiller og i Åsane. 

Må seia at eg i grunnen er godt nøgd. Dei vart nokre herlege sukkertøy, og det har vore hyggeleg med tilbakemeldingar. Dette er altså den siste buksa for no. Dersom eg hadde vore litt flinkare til å ha fleire prosjekt gåande på ein gong så hadde eg kanskje gidda ei til, men eg sit monomant og arbeider med eit prosjekt i gangen. No er det i staden kåpe på gang og så spørs det om det ikkje må verta ein hals eller to til barnehagebarnet mitt. Det har vorte ofseleg kaldt ute. Kva skal vi med snø i oktober, eller i det heile for that matter?



I have finally finished the three rib pants that I set out to knit and they have been sent to their new homes. Unfortunately I am not to fond of knitting these pants but they are a treasure when we come into winter. If I had only been able to keep more than one project at a time so that I don't get too tired and bored I might have knit another one straight away. Luckily my little girl is getting new ones made by my mother. 

I was just in Sevilla, Spain and since I didn't bring my knitting (too warm) I bought the book "El club de los viernes se reúne de nuevo" or "knit two" as it is called in English about this knitting club that unite in a knitting shop in NY on Fridays. It is more about the people than their knitting but it is very lovely.

lørdag 16. oktober 2010

Ny ribbebukse

Vi har fleire som forer oss med klede. Det er deilig å slippe å gå i butikken må eg seia. Så eit av haustens prosjekt har vore å strikka ribbebukser til desse gilde jentene. Sidan dei er 4-5 år, er dei midt i rosaalderen så eg har halde meg til rosa og lilla med litt gult og grønt. 

Eg tykkjer eigentleg det er dritkjedeleg ås trikka desse ribbebuksene, men det er hakket artigare når ein i alle fall koser seg med å kombinera fargar blant alt restegarnet.

Håper tøttene vert nøgde. Denne skal til tvillingsystrene i Trondheim.

fredag 13. august 2010

Tunika t tøtta

Klarte å reisa på ferie utan å ta med meg strikketøy. Ein stor feil sjølvsagt for det brann ganske fort i fingrane. Då eg endeleg kom til Stord fekk eg fatt i garn i ei restekorg. Litt Viking babyull og litt arv. I SISU barn sitt hefte 1001 var det mønster på ei fin barnekåpe på framsida den eigentlege grunnen til at eg kjøpte heftet, men til det hadde eg for tynne pinnar så då endte eg opp med å strikka modell nr 19.

Trudde eg strikka storleik 1 år og hadde tenkt å gje den vekk, men så viste det seg å vera storleik 2-3 år. Den var alt for fin til litjpia til at eg kunne gje han vekk så no får den krangla om merksemda mellom alle dei andre strikkeplagga.  Litjpia er veldig fin i gult, og eg tykkjer påskegul er utruleg flott.


torsdag 6. mai 2010

Kaffe Fassett sine valmuer på jentejakke

Dette var rosajenteprosjektet mitt i vår. Diverre har det tatt litt lengre tid enn eg tenkte. I det heile har det faktisk vore litt mindre strikking i det siste. Det vart så lyst og deilig ute. I tillegg har eg skrive på ein hersens stipendsøknad for vonleg å få gjort ferdig ph.d'en min. Lyspunktet i den samanhang er jo at eg endeleg fekk publisert den fyrste artikkelen på vegen til ph.d no i mai. I etterkant har det også vore litt presseinteresse. Slik er det når ein skriv om kontroversielle tema.

Vel, tilbake til jakken. Det er jo ein orgie i rosa og andre pastellar. Slik vert det når ein lar jenta bestemma sjølv, men hadde eg ikkje gjort det så hadde jakka hamna i skapet. Til slutt tykte eg dessutan at ho vart riktig så sukkertøyfin. Jenta er berre 4 år, men lang så eg strikka den i størrelse 6 år. Eg har brukt Nøstebarn sin rullegenser som mal for masker osv. Som knappar har eg brukt nokre knappar eg har trekt sjølv og nokre gule knappar.

It has been very low on the knitting lately due to trying to get a grant to finish my Phd. Luckily in May my first research article also got published with a bit of press interest to follow. That is what happens when you venture into abortion research. 

Finally I finished the jacket with persian poppies though. I used Nøstebarn's Rullegenser as a base for stitches etc but I altered the sleeves. I love this frilled fringe. The theme is completely pink and pastel colours to make the 4 year old happy. If not it would only have stayed in the closet I'm afraid. In the end I am quite happy about it even though it is very girly.

tirsdag 23. mars 2010

Framdrift/ getting there

Å strikka Kaffe Fassets valmuer fram og tilbake viser seg å ta litt tid, men jakken veks litt etter litt. Det har difor ikkje vore så mykje å blogga om.

I går hadde eg fødselsdag og fekk blomar av naboane som kom på kaffe - den utvida familien. Dagens desidert beste gåve var barnehageplass til litjpia.

I dag har eg difor vore og kjøpt sykkel med barnesete og sykkelhjelm slik at eg kan halsa ned frå jobb for å nå barnehagen før den stenger. Litjpia var veldig nøgd med sin blåe hjelm med dyr på, men remja stygt då vi gjekk utan trehjulsykkel.

Er framleis spent på om mottakaren av den jakka eg no strikker vil ha ho sidan det er ei veldig bestemt lita jente, men eg skal arbeida trottig vidare og så får vi kryssa fingrane. Er litt usikker på om eg skal ha valmuer heilt opp til halsen, eller stoppa ved ermet. Ermene skal ikkje ha valmuer. Dei vert nok einsfarga.

I must say it takes slightly more time than I thought to knit Kaffe Fassets persian poppies but I am getting there slowly. Still quite anxious as to weather the little, picky girl that this cardigan is meant for will actually like it. Very pink....

torsdag 18. mars 2010

Seterjentens søndag

Så var 17. mai i bunad i boks for besteveninna til litjpia også. Dette var eit flott mønster på barnebunad. Det skal koma ei jakke også, men eg er såpass fornøyd med resultatet at eg måtte publisera det no. Mor og mamma til besteveninna har vore påkrevd å skryta mest kvar dag i det siste så no har eg nok brukt opp den kvota.

Stakken er i mørkebrunt og ikkje i svart slik det vanlegvis er. Det høver godt til det flammande raude og flotte håret til bunadseigaren. Besteveninna og litjpia utgjer vår eigen liten Benetton-reklame.
Eg gler meg til å sjå dei to i finstasen på 17. mai.

mandag 8. mars 2010

Matpakkeglede og barnehagelengt

På sjølvaste 8. mars er det heilt på sin plass å erkjenna at no er både mor og dotter klår for å få barnehageplass. Mora kanskje endå meir enn dottera. Sidan Bergen kommune endeleg har klart å innføra at åleinemødre i jobb eller studier skal prioriterast i barnehagekøen så gjekk vi frå nr 52 til 2 i køen. Vi er difor garantert plass, men ikkje før i august. No krysser eg fingrane kvar dag og trur eg må fingå ganske ofte på besøk i barnehagen for å innynda meg hjå ho som styrer opptaket.

Uansett så har vona om snarleg barnehageplass gjort behovet for matboks og flaske heilt prekært. I alle fall når ein har lagt sin elsk på blafre design. Vi (i alle fall eg.... litjpia vart ikkje presentert for alternativa) la vår fulle elsk på desse elefantane.

The international women's day should be the perfect day to say out loud that I want a kindergarden for my daughter now at this very minute. Saying that we of course went in search for a lunch box. I love Blafre design and couldn't resist this colorful box with elephants. 


torsdag 26. november 2009

Vest med daisies



På nytt har eg forsøkt eit av mønstera i Myk start. May B. Langhelle har mange fine mønster. Eg vert visst heller aldri lei av å strikka daisies. Gløymde reint å ta bilde av ei lue i dei same fargane som også fekk daisies.

Daisiesmønsteret finn de hjå Pickles.

Eg strikka det eg trudde var ein 9-12mnd storleik, men grunna daisiane som eg strikka på pinne 4,5 av di dei gjer at strikken vert litt strammare enn det som ikkje er i daisymønster. Bolen strikka eg på pinne 3. Difor vart omkrinsen oppe ved skuldrene 4 cm vidare og så auka eg litt på lengda også. Så storleiken er kanskje meir ein 18 mnd storleik.

Det melerte garnet har eg kjøpt på nett hjå colorsong yarn og det raude er frå turen min til Oleana.




tirsdag 17. november 2009

Daisyjakka har fått eigar og broren har fått seg vest


Jakka som de finn oppskrift på her har no fått seg ein veldig trufast og søt eigar. Enda ei litjpie som er tullekusina til litjpia mi. Når vi ikkje har så mange verkelege slektningar i byen så er det veldig fint å ha nokre sjølvalde. Mora og eg har kjend kvarandre sidan fyrste klasse og ingen av oss har så mange nære slektingar i byen. Derimot har vi nokre fine ungar som vi gjerne vil vera tanter for.

Så då har eg fleire å strikka til.

Må seia eg er veldig fornøyd med den vippekanten på vrangborden.

Godt med vest til vinteren så då laga eg denne til storebrødrene på snart 3 og 4,5 år.


Oppskrift: 166 masker 4,5 cm vrangbord. Auk til 186 masker og strikk rettstrikk til 25/28 cm. Eg har strikka striper med 5 omganger per stripe. Del arbeidet i to. Fell 6 masker for kvar armhole. Annakvar omgang feller du 2 masker i kvar side to gongar og så 1 maske 3 gongar. Når armhola måler 10 cm byrjar du å fella for halsen. Fell 12 masker midt på framstykket. Fell fyrst 3 masker på kvar side av halsen, så 2 masker to gongar og 1 maske 3 gongar. Eg plukka opp ca 94 masker rundt kvar av armholene og 90-94 rundt halsen.

mandag 16. november 2009

Naivistisk


Barnevakttenesten har nett vore på besøk. Ringt og nedkallt i teneste då eg fekk akutt behov for å vera noko meir enn berre mamma. Så der svingte mor mi seg rundt og tok ekspressbussen ned til Bergen. Ekspressbussen vil seia 16 timar over natta frå Trondheim via Sogn og Fjordane til Bergen. Der sit ho og tronar på fyrste rad med boka på fanget og strikketøyet i hendene.

Ikkje berre kom barnevakttensten i ekspressfart, men ho hadde også med seg nokre kjoler til litjpia, nabovennen og Oslo-veninna. Designaren av teikningane er storekusina i Oslo. Ho og bestemora hadde gått gatelangs i Paris då dei såg ein kjole med barneteikningar og lot set inspirera. Og jenta tok oppgåva med glans og no er teikningane foreviga på kjolene.



Ikkje verdas beste årstid for godt ljos, men eg tykte dei var så søte at eg ville dela med dykk.

fredag 30. oktober 2009

Djevel lue/hjelm lue - kjært barn har mange namn





Dette er sjølvsagt ein klassikar. Superlett og raskt å strikka. Eg har fallt ned på å strikka med 36 masker i 18 riller og så berre endra garntjukkelse og pinnar når eg går opp i storleik.

Oppskrift:
Legg opp 36 masker. Strikk rett ein omgang med dei opplagte maskene reknar eg dette for ei rille. Det er no eg ofte skiftar farge slik at annakvar rille får ulik farge, men det er ikkje nødvendig. På neste omgang strikker du maske 2 og 3 saman og når du kjem på slutten av omgangen auker du ei maske før dei to siste maskene. Gjer dette annakvar omgang. Når du har strikka 18 riller (36 omgangar) så auker du ei maske mellom maske 1 og 2 og strikker den 3. og nest siste maska på omgangen saman. Gjer dette i nye 18 riller. Når du no har strikka til saman 36 riller så byrjer du på nytt med å strikka saman maske 2 og 3 samt å auka før dei to siste maskene. Strikk 9 riller slik. Auking og felling skjer alltid på annakvar omgang. Etter 9 riller strikker du nye 9 riller der du auker i byrjinga av omgangen og feller ei i slutten. Etter desse 9 rillene har du strikka til saman 54 riller. No skal du strikka 18 riller der du strikker saman to masker i byrjinga av omgangen og auker i slutten. Etter desse 18 rillene strikker du 18 riller der du auker i byrjinga av omgangen og strikker saman i slutten. No er lua ferdig. Når du syr den saman så syr du fyrst saman den fyrste og siste rilla du har strikka. Bak vil det vera som eit stjernemønster som skal syast saman. Som eit "hakk" innover som skal syast saman der du har strikka 9 riller og så skal kvar av dei 18 rillane i byrjinga av arbeidet og dei 18 rillene i slutten av arbeidet syast saman. Til slutt møtast dei i ein "spiss" bak. Foran har du då ein spiss ned i panna. Ta opp 3 masker i kvar av dei store spissane fortil og strikk rett, vrang, rett ein omgang og vrang, rett, vrang annakvar omgang til du har lange nok snorer. Eventuelt kan du hekla eller tvinna snorer.

Lukke til.

torsdag 29. oktober 2009

Retro kjole








Dette mønsteret frå Dale har ein skikkeleg retro look. Kjolane på 70talet var litt stuttare i stakken slik at småfolka kunne springa friare i kring. Ofte hadde dei rett nok ei strikka pynteunderbukse også. Eg hugsa godt at ein del jenter hadde nokre voldsame fluffy truser under stakken. Var eg missunneleg? Nei, eg trur ikkje det. Hugsar det best som eit merkeleg fenomen. Vel, denne kjolen har ikkje strikketruse. Det held fint med eit par strømpebukser eller tights.

LItjpia var veldig fornøyd då ho fekk den på og stilte faktisk villig opp for fotografen - utan heilt å skjøna instruksjonane.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails