Viser innlegg med etiketten hjerter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjerter. Vis alle innlegg

søndag 24. desember 2017

24. desember!

Då er årets adventskalender komt til siste "luke" og ventetida er over.

Vi har lagt ut nye hjerter kvar dag i desember og som forhåpentlig har gitt glede til mange av lesarane våre.

Hjerte er eitt av våre beste symbol for glede og det å vise andre omsorg, og det er akkurat det jula handlar om.

Vi ynskjer medlemmane våre og alle lesarar ei 

HJERTELIG GOD JUL

og så vert det kanskje litt tid til å prøve ut nokre av alle desse vakre desemberhjerta!!





Høyr på den finaste julesongen, med Olav Stedje som er frå fylket vårt: "Det lyser i stille grender"!







GOD JUL til alle!



lørdag 23. desember 2017

23. desember!

Veslejulafta er komen!! 
Til glede for dei som no har venta og venta, men til stor frustrasjon for nokre av oss som gjerne ville ha hatt endå ei veke til førebuingar!!

Dagens hjerte er kanskje eit symbolsk hjerte, det er litt i "Crazy-stilen", men om du ser på bildet over, så er det eit nydelig hjerte.

Det store hjertet som sprer GLEDE utover til andre symbolisert med mange små hjerter!
Nydelig!!

Kunstnaren bak dette  over var merka med Wendy Williams, funne på Pinterest. Bildet under var ikkje merka med namn.

Takk til kunstnaren bak, dette er nydelige hjerter!! Kanskje blir du inspirert no til å bruke opp alle stoffrestane dine etter all hjerteproduksjon tidlegare i desember?????
Lykke til!


fredag 22. desember 2017

22. desember!

I dag er dagen for å begynne pynte litt ( om du ikkje er ferdig då??), og om du no har sydd mange hjerter i desember, så har du litt å ta av!

Tipset er å setje sammen hjerter til ein krans, denne kan du ha på dør, på ein vegg eller henge opp i vindauget.


Under her er det samle litt eksempel frå Pinterest, mange fine måtar å setje sammen hjerter til ein krans! 









Lykke til!


torsdag 21. desember 2017

21. desember!

Du rekk kanskje å lage eit hjerte med nydelig dekor??

Her er nokre til inspirasjon, nokre av bilda er frå sida til Vicky og Ricky, gå inn på sida og sjå meir!




HER er fleire fine bilder!














Alle bilda er frå Pinterest og ulike nettsider!
Lykke til!

onsdag 20. desember 2017

20. desember!





Så mange vakre små filthjerter som er å finne på Pinterest og nettsider!!!  
Med same hjerteforma så kan ein variere i det uendelige med dekoren; 

- Broderi
- Applikasjon
- Knappar
- Med smykker på!!










Om du hadde rikelig med til til jul no, så kunne du fornye heile lageret ditt med ny heimelaga julepynt,......... kanskje til neste jul???

Uansett, så er desse ei fryd for auget, og kanskje er det eit hjerte som får deg til å sy litt i dag??






















Lykke til!